Dei fleste menneske er glade i sang og musikk, og mange har sine favorittar som dei likar å høyra på. Kva er det som gjer at ein sang slår an og treff oss på ein spesiell måte? Det kan vera melodien. Men skal sangen vera slitesterk, er det viktig med ein god tekst.
Sang og musikk er ikkje møtefyll, men eit sjølvstendig innslag der tekst og melodi har eit eige språk som kan passera forbi tanke og forstand og tala rett inn i vårt indre. Når me høyrer god sang og musikk kan me oppleva ei glede som fornuften ikkje kan forklara.
Terje Vold